Landsskyttarstemnet 2013
Alt frå landsskyttarstemnet finn du på denne sida.

 










02.08.13: I dag har rekruttane våre vore i elden på banen, der Karianne skaut 235, Knut Johan skaut 221, Oda Eirin skaut 219 og Odd Eirik skaut 199. Ein kjempeinnsats av dei yngste. Me gratulerar med alle resultat.

Klasse 3 var ute på feltrunden. Beste resultat: Hans Kvale 27/10 på felt. Knut L Hårklau 9,88 på stupar og Knut L Hårklau 19 på stang.

V73 hadde og feltrunden sin i dag. Beste resultat: Lars N Himle 29/20%09



03.08.13: I dag har vore ein merkeleg dag på skytebanen. På skyttartinget tapte me valget mellom Voss og Førde om LS 2017. Mykje av skytinga i dag vart avblåst (bokstaveleg tala, med storm i kasta).
Men nokre resultat vart det likevel

Klasse 1 skaut bane: Randi Hommedal , 208 pt

Klasse 4 skaut bane: Beste resultat Øystein Kvarekvål 29/12, men måtte avbryta stang og stupar pga sterk vind

Skyttarar som måtte avbryta, har fått nye skytetider. Sjå http://www.dfs.no




04.08.13: Fleire har vore i elden i dag. På banen har Eldre rekrutt tevla. Resultater: Marie Hårklau 249 (finale torsdag). Siri Byrkje Mjånes 245, Dag Henrik Hårklau 243, Pål Kleven Hernes 243, Olaug Bratthole 234.

Klasse V55: Lars Kåre Almeland 239

På felten har klasse 1 skote: Randi Hommedal 14/3

Rekrutt: Karianne Vatne Johansen 26/9, Oda Eirin Almeland 23/8, Knut Johan Vatne Johansen 22/8, Odd Eirik Bratthole 13/5

Seinare på kvelden hadde me ein liten grillfest på Granmo camping...Bilder kjem......... 


05.08.13: I dag har mange vore i elden. Klasse 3 skaut baneskyting.Ove, Stine-Mari og Mats enda alle på 228 poeng som var det beste resultat i klasse 3 hjå vossingane.
Klasse V73 skaut bane og. Lars N Himle skaut 246.
Klasse 4 og 5 skaut felt. Beste resultat var Oddbjørn Hårklau med 26/12

06.08.13: Klasse 4 skaut bane. Beste skyttar Eldfrid Aase med 229, fleire vossingar på løpande band nedover
Junior bane: Solbjørg og Ole Martin hhv. 232 og 207
Eldre rekrutt felt: Siri, Pål, Marie, Olaug, Dag Henrik:::29,28,27,26, 24. Bra innsats igjen av dei yngste vossingar.
07.08.13: Klasse 5 bane: John 232
Junior felt: Ole- Martin, Solbjørg:::22,21
V55 felt: Lars Kåre 25/13

08.08.13: Eldre Rekrutt finale: Etter 249 på innleiande, skaut Marie finale. Ho fekk 98 pt og enda på 347. Bra innsats!!!

09.08.13: Nm felt: Hans Kvale 37/3 enda på 235 plass.
Øystein Kvarekvål derimot hadde fullklaff og på feltfinalen med 12/9 og enda med 41/9 og 11. plass. Og han fekk med seg ei medalje i felt. Gratulerar!!!!!!

Oppsummering: Kanskje vossingane no må leggja seg i selen og trena ilag framover hausten og vinteren for å få opp litt resultat og visa att på listene. Somme gjer det bra men me treng fleire oppi toppen.
LS 2013 har elles vore veldig kjekt med mange lagsmedlemmer samla på ein plass. Ungar har hatt det kjempekjekt til liks med dei vaksne. Takk for laget !!!

  




Vaktliste jaktskyting 2017

Terminliste 2017

LIVE VISNING
Les meir..

Lapua cup resultater 2015/2016

Vossastemna felt 2015
Les meir..

Lagsmeisterskap 15 m 2015
Les meir..

Samlagsstemna bane 2014
Les meir..

Jon Istads minnestemne
Les meir..

LS2014 Sandnes

Vossastemna 15 meter 2014
Les meir..

Nye Lagsjakker
Les meir..

Aspirant trening 2013/2014

Landsskyttarstemnet 2013

Vossastemna Bane 2013
Les meir..

Aspirantskyting 2013
Les meir..

Krinsstemna Felt 2013
Les meir..

Lagsmeisterskap Felt 2013
Les meir..

Samlagsstemna felt 2013
Les meir..

Vossastemna 15 meter 2013
Les meir..

Bli medlem
Les meir..

SkyttarID

Grasrotandelen
Les meir..

Leiaren seier:

Forum
for skytterinteresserte! Les meir..