Velkomen til







 Finale Norgeshus cup 2017


Livevisning Resultat 100m  Resultat 200m


 Resultat Lagsmeisterskap Her

 Krinsstemna bane 2017

Resultat


Hytter LS 2018 Stjørdal
 

Hei

Nokre framsynte lagsmedlemmer har vore i kontakt med Storsand Gård Og Camping som ligg i nærleiken av neste års Landsskytterstevne Arena som skal foregå i Stjørdal 3-10 august. Det er reservert 10 stk 4 manns hytter og 6 stk vognplasser.  Hyttene er uten bad men med tilgang til sanitæranlegg. Prisen for desse hyttene er ca 600-700 pr natt.

Er dette av interesse ta kontakt med Turid Sande Almeland 91597961 for bestilling og info om plass og hytter. Me er sett opp på venteliste på hytter med noko bedre standard men dette veit ein ikkje koreleis går. Ta kontakt så me veit litt om kor mange som er treng husrom på neste års  LS.

Mvh Knut Kvarekvål

Leiar Voss Skyttarlag

90621092

--------------------------------------------------------------------------------------------

 Jon Istads minnestevne 2017

Arne Engevik, Stord, vinnar av Jon Istads minnestevne 2017

Det vart tett i toppen i klasse 3-5 med tre skyttarar på 346
Men Arne vart best med 1 inner meir enn Liv Sollesnes, Jondal og Svein Magne Stokkevåg, Vindafjord. Begge med 17 inner.
Klasse 1 vart vunnen av Eirik Hylland, Aurland, med 248
Klasse 2 vart vunnen av Daniel Bu, Strandebarm, med 339
V55 vart vunnen av Geir Inge Nedrebø, Bergen, med 345
Åpen: Ove Haugland, Åsane/Hordvik, 243

Rekrutt: Elina Østerbø, Oppedal/Brekke 347
E rekr: Jens Henrik Hegg, Hegg 350 (26*)
Junior: Markus Andreas Aadland, Tysse 349
E JR: Ole Martin Halvorsen, Bergen 340
V65: Arne Kjelby, Bergen 350
V73: Ludvig Indrebø, Farnes 350

Premieliste 200m    Premieliste 100m

Livevisning

Resultat



6. Banekarusell 2017

Resultat

 1. Runde Banekarusell 2017

Resultat

HORDASTEMNET FELT
22-23/4 2017

John Olav Ågotnes Hordameister i felt 2017
 
Stemna vart helde på Voss i kaldt og fint ver med noko vind attåt.
221 deltakarar totalt fordelt med 111 på finfelt og 110 på grovfelt freista lukka
Etter finalen var det John Olav Ågotnes, Sartor, som vart best med 41/4 og vart dermed Hordameister i felt for 10. gong
Det heldt akkurat med 1 innertreff meir på Oddvin Holst, Norheimsund& Øystese med 41/3
I klasse V55 tok Per Eikestad, Tysse sigeren med37/5
I Klasse 2 var det Olav Ludvig Håbrekke, Strandebarm, som vann med 29/1
Klasse 1 vart vunnen av Stig Andre Lilleheil, Bergen, med 26/10
HK416 Espen Skjelbreid Grimstvedt, med 23/11
Eldre Junior Johan Patrick Eikemo, Fana, 32/4
Ikkje uventa var det og John Olav som tok sigeren på stang med 30 treff
I felthurtig var det Martin Aadland Vad, Stord, som var kjappast med 7,62
 
På finfelten var det og mykje god skyting.
Klasse Rekrutt vart vunnen av Sofia Dale, Os, med 35/4
Eldre Rekrutt vart vunnen av Sofie Evensen, Os, med 42/9
Junior vart vunnen av Sander Nesbø Sælensminde, Bergen, med 41/5
I dei to eldste klassane måtte det omskytingar til.
I V65 var det Arne Kjelby, Bergen, som trekte det lengste strået og vann omskytinga mot Arne Berge,Norh&Øyst
Dei hadde 42/10 båe to etter finalen
I V73 var det Reidar Dahle, Os, som vann etter omskyting mot Johannes Skaar Bakke, Strandebarm.
Dei hadde 42/10 etter finalen.
Lagskyting R/ER/JR 
1. Ølen 86/59
2. Os 1 83/55
3. Voss 83/40
Lagskyting veteran
1. Sartor 60/50
Lagskyting Senior
1. Tysse 1   82/51
 
Voss Skyttarlag takkar for ein fin dag.
 
Resutatlister fylgjer (gjer oppmerksom på at V65 og V73 ikkje er rangert etter omskytinga)
 
 
 
 
 
 

 Samlagsstemna felt 2017

Skytetider finn du Her

 VOSSASTEMNA MINIATYR 2017

Dag Skår, Tørvikbygd vinnar av miniatyrstemna 2017.

Etter gode 150 på klassen, fylgde han opp med 2 gonger 99 og vann dermed med 348 poeng. 1 poeng før Vegard Solhaug, Aurland med 347 (20*) og Liv Sollesnes, Jondal 347 (11*)
Klasse V55 vart vunnen av Alf Høysæter, Tysse med 346 p. (18*)
Klasse 1: Vegard Veka Rasdal, Voss, 242
Klasse 2: Jostein Steine, Voss, 344
Rekrutt: Joakim Ullestad, Fana 331
Eldre Rekrutt: Joakim Øye, Tørvikbygd 348 (16*)
Junior: Silje Vetti Grøndal, Farnes 343
V65: Sverre Krutnes, Jondal 348
V73: Ludvig Indrebø, Farnes 350

Voss Skyttarlag takkar for denne gong og ynskjer velkomen attende neste gong.

Premieliste




Oppdaterte resultatlister Lapuacup runde 1 finn du Her
Oppdaterte resultatlister Lapuacup runde 2 finn du Her
Oppdaterte resultatlister Lapuacup runde 3 finn du Her
Oppdaterte resultatlister Lapuacup runde 4 finn du Her
Oppdaterte resultatlister Lapuacup runde 5 finn du Her
Oppdaterte resultatlister Lapuacup runde 6 finn du Her

 John Almeland lagsmeister 2016 i klasse 3-5

Låg likt med Eldfrid etter innleiande med 239 poeng. Begge var i ein klasse for seg sjølv idag og trona åleine der oppe. Men John trekte det lengste strået.
Andre vinnarar:

V55: Steinar Hårklau 335 ( hadde skive 5 i finalen)

V65: Jostein Bjørke 314
V73: Lars N Himle 345
ER: Karianne V Johansen 297
JR: Marita Bergo 332

Alle resultat: Her

 Krinsstemna Bane 2016

Stine- Mari Helgesen Væhle viste seg å vera iskald i varmen, og vart Krinsmeister i Vossakrinsen klasse 3-5.
Hadde 241 innleiande og 99 på omgang.
I og med at det var ei kvinne på skive 1 i finalen. Kvifor kan då ikkje Eldfrid Aase like godt ta skive 2. Ho hadde 238 innleiande likt med John Almeland på skive 3.
John skaut 99 på sin omgang og Eldfrid måtte ha 99 med 9* for å ta ledelsen etter omgangen. Knuste til med 100 med 7* og vart dermed nr 2 før John.

I klasse V55 vann Lars Kåre Almeland suverent med 343
Klasse 1 vart vunnen av Kenneth Bryn med 242
Klasse 2 vart vunnen av Erlend Steine med 338

100 meter.

Gaute Sande Almeland viste seg suveren og vann klasse Rekrutt med 344 poeng.
Marita Bergo var åleine i klasse Junior og vart krinsmeister med 335 poeng.
John Giseth Blomli var suveren vinnar i klasse V65 med gode 347 poeng
Olav T Lekve vinnar klasse V73 med 346 poeng.

Resultat 100 meter    Resultat 200 meter

Vossakjøt cup 2016

Då er resultatlistene etter verdas fyrste Vossakjøt Cup i skyting klare. Deltakinga på Stang og Felthurtig vart noko mindre enn me hadde håpa. Me trur årsaka er noko delt, kollisjon med NC, sein innbyding og for lite annonsering. Premiering var heller ikkje heilt avklara før tett innpå stemnene, slik at me ikkje kunne "lokka" med dei. Men premiane vart fine, dei fleste medaljevinnarar under siste års NM for kjøttbransjen. http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/rekordmange-medaljar-til-vossakjt

Alle klassevinnarene vil få kvar si pakke med produkta som er avbilda i vedlegget.
Rekrutt:Tor Kristian Dulsvik, Sogndal
Eldre Rekrutt: Vegard Eikevik, Sogndal
Junior: Markus Andreas Aadland, Tysse
Kl 1: Stig Andre Lilleheil, Bergen
Kl 2: Raymond Korneliussen, Bergen
Kl 3: Eirik Dingen Kroghrud, Gula
Kl 4: Benjamin Børslid, Seim
Kl 5: Ørjan Almeland Sjo, Kvinnherad
V55: Lars Kåre Almeland, Voss
V65: Olav Nesheim, Odda
V73: Arne Klette, Borstrondi

I tillegg har me trekt ein heldig blandt dei som deltok på alle stemnene. Den heldige vart:
Trond Nordvik, Tysse som vil få samme pakka som klassevinnarane.

Vonar skyttarlaga med vinnarar kan vera hjelpsame med kontaktinfo, adresse og tlfnr slik at me kan få overlevert eller sendt desse flotte produkta.

Samanlagtresultat Her 



 Innbyding til Vossakjøt cup finn du Her

VOSS: Livevisning   Resultat


BORSTRONDI: Livevisning    Resultat

Samlagsstemna Felt 2016

Stevnet vart avvikla under særs gode skytetilhøve og strålande vårsol.

Uoffisielle resultat  finn du HER

Resultater Samlagsstemna Felt 2016:

Grovfelt    Finfelt  Lagskyting senior  Lagskyting R/ER/JR og Veteran  Premiering Finfelt  Premiering Grovfelt



 Terminliste for 2016 ligg i menyen til venstre

 

Vossaskyttarane gjorde det bra i Lapuacup finalen i Jondal i dag.
Øystein Kvarekvål vann kl 4 og vart totalt nr 4 i kl 3-5.
Eldfrid Aase og Morten Helgaset vart henholdsvis nr 3 og 4 i kl 4.
Jonny Johansen vann kl 3.
Kjersti Kvarekvål tok sigeren i kl 2, knepent framføre Erlend Steine og med Jostein Steine på tredje plass. ...
Olaug Bratthole vart nr 3 i kl J.
Karianne Vatne Johansen vart nr 5 og Odd Eirik Bratthole nr 8 i kl ER.
Gaute Sande Almeland vart nr 4 i kl R
  Lars Kåre Almeland vart nr 3 I V55 og Leif Tillung nr 5 i V73
Gratulera til alle 😊


-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Lagsmeisterskap 15m
John Almeland vart lagsmeister på 15 meter 2016 med 338 poeng, eitt poeng før Morten Helgaset med 337 poeng. Nr 3 vart Knut Kvarekvål med 335.

Andre klassevinnarar: 
R:  Gaute Sande Almeland, 335
ER: Karianne Vatne Johansen, 342
JR: Olaug Bratthole, 332
2: Erlend Steine, 346
V55: Lars Kåre Almeland, 344
V73: Knut Olde, 308


Resultat

 




 Vossastemna 15 m 2016

Då var me ferdige med årets Vossastemna innandørs.
Mange vart nok skremde av stormen Tor. Men det var heldigvis vindstille innandørs.
Det vart 100 deltakakarar totalt.

Ikkje uventa vart det Liv Sollesnes, Jondal som vann klasse 3-5 med knallgode 348 poeng. 3 poeng før Vegard Solhaug, Aurland. 3 mann vart Harald Brekke med 344.

Øvrige klassevinnarar:

Aspirant: Haakon Eikevik, Voss 185, Sara Coucheron Fykse, Fyksesund 234, Marius Klette, Voss 222, 
       Odin Lyngsgård, Voss 199, Sigbjørn Sannan Horvei, Voss 151

R: Torgeir Haugsvær, Oppedal/Brekke 349
ER: Jostein Haugsvær, Oppedal/Brekke 350
JR: Kjetil Skår, Tørvikbygd 349
1: Bjarte Haugsvær, Oppedal/ Brekke 239
2: Linn Marie H. Øyrehagen, Norum 344
V55: Berge Legland, Strandvik 347
V65: Arne Berge, Norheimsund og Øystese 350
V73: Lars Færevåg, Jondal 349

Premielister Lagvis oppgjer

Alle resultat under "livevisning" i menyen til høgre

Medaljeliste kjem når den er klar


 Livevisning og resultat Vossastemna 15 m 2016 i menyen til høgre

Lagsmeisterskap bane 2015


John Almeland vart lagsmeister i klasse 3-5 med 339 poeng.

Klasse 2: Arne Hauso 323

Klasse V55: Lars Kåre Almeland 344

Aspirant: Leo Marton Andersen, 82

Rekrutt: Kariann Vatne Johansen 338

Eldre Rekrutt: Kristian Mjånes 303

Junior: Pål Kleven Hernes 342

V73: Lars N Himle 346

Resultater 100 meter

Resultater 200 meter



Hordastemnet bane 2015 finn du i menyen til venstre
Jon Istad´s minnestemne

Audun Kvandal, Røldal,  vinnar klasse 3-5  med 344 poeng.
Får dermed napp i Jon Istad´s minnepokal

Øvrige klassevinnarar:
Klasse 1: Geir E Medaas, Seim, 244
Klasse 2: Svein Kvamme, Seim, 338
Klasse V55: Harald Grytaas, Osterøy, 347Jakob Adrian Farestveit 350 p
Klasse R: Torgeir Haugsvær, Oppedal/Brekke, 347
Klasse ER: Jakob Adrian Farestveit, Vaksdal/Modalen, 350 
Jakob skaut 350 for fyrste gong, og vart dermed medlem i 350 klubben.
Gratulerer so mykje.
Klasse JR: Jon-Hermann Hegg, Hegg, 345
Klasse V65: Reidar Dahle, Os, 350
Klasse V73: Magne Nordvik, Tysse, 350

Aspirant: Joar Byrkje,Voss 185, Thea Byrkje, Voss, 188, 
               Sara Sofie Hegg, Hegg,228,
               Ana Maria Lilleås, Jondal, 240, 
               Andreas Øvrebø, Skurdalen og Dagali, 229

Livevisning   Resultat  Premieliste 100 meter   Premieliste 200 meter

1. krinskarusell bane 
er unnagjort og resultat finn du Her

Aspirantskytinga startar oppatt 07.04.15

Nye og meir erfarne aspirantar er velkomne

Meir info i menyen til høgre


Lagsmeisterskap felt 2015

2-5-V55: Øystein Kvarekvål
V55: Jon Skjerve
R: Odd Eirik Bratthole
ER: Kristian Mjånes
JR: Siri Byrkje Mjånes
V73: Leif Tillung

Resultat

Krinsstemna felt 2015

2-5-V55: Øystein Kvarekvål
V55: Jon Skjerve
1: Jostein Steine
ASP:Anders Seim Kolskår
R: Eirik Gjerald Trå
ER: Styrk Lydvo
JR: Pål Kleven Hernes
V65: Arne Klette
V73: Leif Tillung


Resultat


Vossastemna felt 2015

John Borge, Åsane/Hordvik vann feltstemna klasse 2-5 v55
Han hadde gode 29/12. Ein inner meir enn Johannes Seim, Seim

Det var tildels utfordrande tilhøve med til tider kraftig vind. Men likevel var det mykje god skyting.
Klassevinnarar:

2-5-V55: John Borge, Åsane/Hordvik 29/12
V55: Per Jan Sandven, Ullensvang 28/10
1: Geir E Medaas, Seim 22/6
R: Gaute Sande Almeland, Voss 24/6
ER: Kristoffer Tvedt Skråmestø, Bergen 30/21
J: Audun Fossberg, Kvinnherad, 28/13
ASP: David Bratland, Ullensvang 24/8. Sindre Skjeldås, Ullensvang 29/9
V65: Håkon Leganger, Kvinnherad 30/22
V73: Lars Færevåg, Jondal 30/23



Resultat   Premiering fin    Premiering grov

Krinsstevne 15m 

Morten Helgaset vart krinsmeister 15 meter 2015

Det vart eit veldig jamt stemne med 11 stk innanfor 6 poeng. Det skulle berre vore 10 poeng meir på alle.

Klassevinnarar:

Klasse 3-5: Morten Helgaset 336

Klasse 2 : Erlend Steine 341

Klasse V55: Lars Kåre Almeland 345

Klasse V65: Arne Klette 344

Klasse V73: Lars N Himle 348

Klasse R: Karianne Vatne Johansen 334

Klasse ER: Kristian Mjånes 322

Klasse JR: Marie Hårklau 338

Aspirantar: Sjå liste nedafor...

Resultat Resultat Aspirant

Livevisning


Knut Kvarekvål vart lagsmeister på 15 meter.

Tysdag skaut aspirantane og torsdagen var det rekruttar og seniorar som tevla.

Kl 3-5 Knut Kvarekvål 339
Kl V55 Lars Kåre Almeland 341
Kl V73 Lars N Himle 345
Kl Jr Marie Hårklau 339
Kl Er Kristian Mjånes 328
Kl R Gaute Sande Almeland 327
Kl 2 Kjersti Kvarekvål 344
Aspirantane var så mange at dei er på lista som du finn i menyen til høgre.
Vossastemna 15 meter 2015

Liv Sollesnes sette standarden etter fyrste dag med gode 349 poeng og vann med dette årets miniatyrstemna.
Mykje god skyting og i andre klassar (sjå resultat under)

Medaljeliste
Premier

Livevisning finn du Her

Resultat finn du Her

Nokon har gløymt att ein hanske her på fredag. Tlf 91847655

Resultater 4. krinskarusell 15 meter frå  Voss finn du Her
Resultater 3. krinskarusell 15 meter frå  Voss finn du Her
Resultater 2. krinskarusell 15 meter frå  Voss finn du Her
Resultater 1. krinskarusell 15 meter frå  Voss finn du Her



6. runde i H&V cupen er i gang att denne veka. (veke 4)Tysdag 20.01. startar aspirantane kl 1800. Me fortset med Rekr/E.rekr/Jr kl 1930 og onsdag Kl 1800 er det seniorar og veteraner sin tur.
Det skal skytast utandørsprog. på 15 meter. Skytinga føregår i ungdomsskulen. 


Resultater runde 1 finn du Her
Resultater runde 2 finn du Her  
Resultater runde 3 finn du Her
Resultater runde 4 finn du Her
Resultater runde 5 finn du Her
Resultater runde 6 finn du Her
Resultat andre lag og samanlagt finn du Her

Aspirantskytinga startar oppatt i kjellaren i ungdomsskulen den 04.11.14 kl 1800.

Våpen og utstyr får du låna hjå oss.

Sjå vaktliste i menyen til høgre for datoar framover


ÅRSMØTE I VOSS SKYTTARLAG.

Det vert kalla inn til årsmøte i Voss Skyttarlag 15.11.2014 kl 1400 i skyttarhuset på Skjerve.

Vanlege årsmøtesaker

Saker må vere styret i hende innan 30.10.2014

Vel møtt!
John Almeland lagsmeister i klasse 3-5
Tok sitt 3. napp i lagspokalen.

Rekrutt: Karianne Vatne Johansen
Junior: Sølbjørg Hårklau
V73: Lars N Himle
2: Arne Hauso

Aspirantar: Kaja Byrkje Mjånes, Marius Klette og Adrian Wold

Meir resultat i menyen til venstre

Jon Istads minnestemne 2014

Då var stemna vel i hamn og vinnar klasse 3-5 og med napp i Jon Istad´s minnepokal vart Elisabeth Skudalsnes, Åsane/Hordvik, med 348 poeng og ny banerekord.

Øvrige klassevinnarar:

Klasse 1: Bernt Fjordheim, Seim 246
Klasse 2: Hans Martin Eide, Tysse 343
V55: Alf Høysæter, Tysse 345
Rekrutt: Kristoffer Tvedt Skråmestø, Bergen 348
Eldre Rekrutt: Ole Martin Halvorsen, Bergen 350
Junior: Runar Haugsdal Asheim, Oppedal/Brekke 348
V65: Arne Kjelby, Bergen 350
V73: Nils Lysen, Tørvikbygd 350

Øvrige resultat i menyen til høgre

Voss Skyttarlag takkar for deltakinga og ynskjer velkomen til neste år.

4. krinskarusell bane finn du på https://www.dfs.no/aktuelt-na/resultater/?eventId=140769


Hans Kvale Lagsmeister i felt 2014

Andre klassevinnarar:
R: Karianne Vatne Johansen
Er: Dag- Henrik Hårklau
Jr: Siri B Mjånes
V73: Lars N Himle

Resultat

Knut I Kvarekvål vart krinsmeister i felt 2014.

Andre klassevinnarar:
R: Karianne Vatne Johansen
Er: Styrk Lydvo, Borstrondi
Jr: Siri Byrkje Mjånes
V65: Arne Klette, Borstrondi
V73: Leif Tillung

Resultat

Trening for Rekruttar og juniorar er avslutta innandørs då mange har lagt om til 6,5.
Treninga i idrettshallen er og avslutta. Mogelegheit å trena i ungdomsskule med .22
Banen på Skjerve vert sett opp på torsdag 13. mars. Det er høve til sjølvstendig trening der fram til lyset vert betre utover kveldane.
Skytetider finn de under "terminliste"

Jon Olav Ågotnes vinnar av Vossastemna i Felt 2014

63 skyttarar fann vegen til Voss og Vossastemna i feltskyting som vart starta oppatt i år etter fleire år stille.
Veret var fint og forholda låg til rette for god skyting.
Jon Olav Ågotnes trekte det lengste strået med 30/23, med vossingen Øystein Kvarekvål hakk i hæl, 5 inner bak.
Andre klassevinnarar:
V55: Alf Høysæter, Tysse 29/15
1: Bernt Fjordheim, Seim 24/9
R: Karianne Vatne Johansen, Voss 23/5
ER: Pål Kleven Hernes, Voss 30/14
JR: Solbjørg Hårklau, Voss 27/15
V65: Gustav Frantzen, Åsane/Hordvik 30/26
V73: Ivar Seim, Åsane/Hordvik 30/25

Resultat

Krinsstemna 15 meter 2014

Øystein Kvarekvål krinsmeister 15 meter 2014
Han drog sigeren i land med 341 poeng.

Stor deltaking med 45 deltakarar i år.
Fullstendig resultatliste under resultater

Livevisning

Resultat


Samlagsstemna miniatyr.

Strandebarm skyttarlag arrangerte eit framifrå samlagsstemna i miniatyr. 14 vossingar hadde teke turen ned. Morten Helgaset viste seg til å verta beste vossing i klasse 3-5 med 338 poeng. Det vart ingen samlagsmeistrar frå Voss i år. Siri B Mjånes vart nr 2 i klasse Junior. Og Marie Almeland persa i kl Aspirant.
Resultater finn de på http://strandebarm.skytterlag.no 

Lagsmeisterskap 15 meter 

Mats Byrkje Mjånes vart lagsmeister på 15 meter i 2014 med gode 340 poeng

Sjå dette resultatet i lag med andre under eller under resultater.

Resultater Her

Livevisning Her

Øyvind Lønning, Hatlestrand og Ølve 
vann Vossastemna 15 meter 2014.
Imponerte med 347 poeng fredagskvelden.

Elles var det mykje god skyting
Resultat i menyen til høgre


Live visning frå 4. krinskarusell 15 meter finn du HER

Live resultat finn du HER

Resultat finn de og under "resultater"

Morten Helgaset endeleg Lagsmeister i Voss Skyttarlag.

Lagsmeister bane 2013Forsvarte skive nr 1 i finalen med 96 på omgangen og enda på 335 poeng, 1 poeng før John Almeland.
14 skyttarar møtte opp på 200 meter og tevla om den gjevaste tittelen i Voss Skyttarlag. Alle 14 skaut og omgang.
På 100 meter møtte det 19 skyttarar og heile 11 av dei var aspirantar. Kjekt å sjå so mange unge på skytebanen.
I klasse Rekrutt var det ein skyttar i dag, Karianne Vatne Johansen, var ikkje i heilt i form i dag og skaut ikkje omgang. Hadde 206 på innleiande.
I klasse Eldre Rekrutt var det 4 som fullførte, og det lengste strået trekte Marie Hårklau. Ho enda på 347 poeng.
I klasse Junior var det ein som fullførte og det var Ole- Martin Mjånes som enda på 279 poeng
I V73 fullførte Lars N Himle, han enda på gode 349 poeng

Sjå alle resultat under "resultater"

Marie Hårklau Samlagsmeister 2013 i klasse ER
Med to vossingar Siri B Mjånes og Marie Hårklau i toppen etter innleiande, var det Marie som trekte det lengste strået og vann med 348 p.

Voss vann og lagskyting for JR/R. Laget besto av Siri B Mjånes, Marie Hårklau og Solbjørg Hårklau

Seniorskyttarane er vel ikkje mykje å skriva om. Ingen kvalifisert til finalen, då beste resultat var 229.
Bilete under billedalbum

Jaktprøvar 2013

Les meir i menyen til høgre

Øystein Kvarekvål nr 11 på NM i felt 2013.

Skaut 12/9 i finalen og enda på 41/9. Han sanka då med seg ei medalje i NM felt

Me gratulerar.

Marie Hårklau skaut 249 poeng på  LS2013


Skaut 98 på omgangen og enda på 347, ein kjempeprestasjon på Landsskyttarstemna

Øystein Kvarekvål skyt feltfinale fredag 09.08

oppdaterast.............




LS 2017 gjekk til Førde

Etter ein lang debatt på skyttartinget i Oppdal laurdag 3. august 2013 vart det bestemt at Førde skulle arrangere LS2017. 17 repr stemte Voss og 39 repr stemte Førde.

Me gratulerar Førde med Landsskyttarstemnet 2017 og ynskjer dei lukke til med førebuingar og arrangement

Resultat frå 6. krinskarusell bane ligg under "resultater"
Liv Sollesnes, Jondal, vinnar av Vossastemna 2013

Vossastemna vart teke oppatt etter fleire år stillstand. Og sjølvsagt vart det strålande sol og perfekte skytetilhøve.

230 skyttarar kjempa om premiar og medaljer. Nytt av året var og Jon Istad´s minnepokal som vart sett opp på meisterskapen klasse 3-5. Jon Istad gjekk vekk like før Landsskyttarstemnet 2012 på Voss.

Vinnar av stemna var Liv Sollesnes, Jondal, med 346 poeng. Eitt poeng før Arild Brodahl, Hovet og Hol, og Frode Kristensen, Herdla
Ho fekk då det aller fyrste nappet i Jon Istad´s minnepokal.

I klasse V55 vart Alf Høysæter med 346 poeng

På 100 meter var det og mykje god skyting. I klasse Rekrutt vann Ole Martin Halvorsen, Bergen med 347 poeng. 7 inner før Vegard Eikefjord, Sogndal, med same poengsum.
Klasse Eldre Rekrutt vart det delt fyrsteplass mellom Lars Ove Dulsvik, Sogndal og Nora Grønsdal,Tysse begge med 349 og 27 inner.
Klasse Junior vart vunnen av Gudmund Arne Lilletveit, Granvin med 349 poeng
Klasse V65 vart vunnen av Magne Nordvik, Tysse med 349 poeng (24*)
Klasse V73 vart vunnen av Nils Lothe, Jondal med 350 poeng.

Alle resultat i menyen til høgre

Voss Skyttarlag takkar alle for frammøtet og ynskjer velkomen attende neste gong.

Endeleg 350


Marie Hårklau klarde endeleg det store.

På Granvinstemna 2013 på torsdag smeit ho dei alle inn i tiaren og likegodt med 28 inner.

Me gratulerar !


 

 

Rekrutteringssamling Hardanger og Voss

Rekrutteringssamlinga vart arrangert på Voss sin bane 27. april 2013. 19 unge håpefulle frå heile samlaget møtte opp til sosialt samvær med skyting. 

Etter registrering og litt frukteting, samla alle seg på 100 meter for skyting med instruksjon. Skyting og instruksjon vart leia av Harald Brekke. Medan eit lag var inne og skaut, sat alle andre ute og koste seg i sola som skein som ho var galen. 

Etter ein del skyting og justering av stillingar, vart det lunch i skyttarhuset. Evy Aasen Hårklau hadde diska opp med mykje varm mat som alle koste seg med. Og alle vart gode og mette. Men ikkje so mette at dei ikkje klarte å få ned to, tre vafler etterpå. Samlagsformannen, instruktøren og resten av dei vaksne fekk seg ein tår kaffi inntil vaflene. Det smaka retteleg godt. 

So vart det skyting att. Ein øvde på meisterskapsskyting (med instruksjon).

Det heile vart avslutta med "lagskyting".

Takk for ein fin dag.

Banen er open.

No har endeleg isen smelta og banen er komen opp.
Aspirantskytinga starta allereie tysdag 30. april.
Det er viktig at me overheld skytetidene. Dei finn du under "terminliste".
Desse vil og verta sett opp på banen.

Det vil verte "kurs" i oppkopling av banen. Truleg neste onsdag (8. mai).
Oppkoplingsinstruks vil bli produsert, og hengt opp i bua straks.

Mats Byrkje Mjånes krinsmeister i felt 2013

Stemna vart arrangert i strålande sol og gode skytetilhøve.

Andre vinnarar:
R: Odd Eirik Bratthole
ER: Siri Byrkje Mjånes
JR: Solbjørg Hårklau
V65: Alf Dirdal
V73: Lars N Himle

Alle resultat i menyen til høgre -->

Ove Fenne lagsmeister i Felt 2013

Lagsmeisterskapen vart skipa i strålande sol og gode skytetilhøve

Andre vinnarar: 

R: Odd Eirik Bratthole
ER: Siri Byrkje Mjånes
JR: Solbjørg Hårklau
V73: Lars N Himle

Alle resultat i menyen til høgre -->

Liv Sollesnes samlagsmeister i felt 2013

Då var samlagsstemna i felt 2013 over og Liv Sollesnes tok sin 11 samlagsmeistertittel.

Skytinga føregjekk på Øvre Skjerve i utfordrande forhold med noko vindkast.

Av våre gjekk Marie Hårklau av med seieren i klasse ER. Gratulerar! 
Rekruttane våre vann og lagskytinga. 

Resultat og premiering finn du i menyen til høgre

Knut Hårklau krinsmeister på 15 meter 2012.

Vann overlegent med 342 poeng.

Alle resultat finn du på "RESULTATER"

Knut Hårklau vart lagsmeister i klasse 3-5 på 15 meter i dag.
Med 342 poeng var han 2 poeng framføre Morten Helgaset på andre plass med 338. Nr 3 vart Øystein Kvarekvål med 337.
Andre lagsmeistarar

V55: Lars Kåre Almeland, 335
R: Oda Eirin Almeland, 317
ER: Marie Hårklau, 348
JR: Solbjørg Hårklau, 334
V73: Lars N Himle, 339
2: Nils Gjerald 240
Ekstra kjekt var det med 3 jenter i klasse 1 som deltok for fyrste gong.
Vinnar vart Anja Kolskår med 228 (2*)
For fleire resultat, sjå under "RESULTATER"

Årsmøte 2012

John Almeland attvald som leiar.

John Almeland vart attvald som leiar i Voss Skyttarlag utan andre forslag.
Han får fortsatt tillit i 2013 og har med seg desse styremedlemene: Jostein Bjørke (ikkje på val i år), Morten Helgaset ( ikkje på val i år), Oddbjørn Bratthole (ny), Eldfrid Aase (attvald) og Knut Kvarekvål (ungdomsleiar), vara til styret Hans Kvale (ny), Øystein Kvarekvål (ny)

Ungdomsutval: Leiar: Knut Kvarekvål, medlemmer: Frank Hole (ikkje på val) Vidar Mjånes (ikkje på val), Jan Helge Hårklau (ny), Frode Helle (attval) Arnfinn Halrynjo (attval)

Jaktutval: Gaute Sandvik (attval), Jaran Rasdal (attval), Jon Skjerve (attval), Jonny Johansen (attval)

Baneutval: Steinar Hårklau (attval), Nestleiar (etter styrets konstituering)
Ettersynsmenn: Arne Hauso og Per Tøn (begge attval)
Skifeltutval: Jostein Bjørke (attval)
Utsendingar til ombodsmøtet: John Almeland, Jostein Bjørke, Eldfrid Aase, Evy Aasen Hårklau, Oddbjørn Bratthole, Øystein Kvarekvål, Knut Kvarekvål.


Damenes dag på skytebanen.
Eldfrid Aase Lagsmeister 2012.
 
Ho sikra seieren frå skive ein med 98 på omgangen, 1 poeng før John Almeland på plass nr 2.
So vidt me veit so er dette fyrste gong i Voss Skyttarlag sin historie.
 
Men det var damer i alle klassar bortsett frå ein. Og dei sikra sigeren i alle dei klassane.
R: Olaug Bratthole, 329
ER: Solbjørg Hårklau, 344
JR: Åshild Kvarekvål, 343
ASPIRANT: Oda Eirin Almeland 170, Karianne Vatne Johansen 215, Pål Kleven Hernes 241, Odd Eirik Bratthole 214 
I klasse V73 drog Lars Himle sigeren i land med 347 p. med 97 på omgangen.
 
All skyting føregjekk på 100 meter.
Meir resultat under "resultater"

John Almeland og Marie Hårklau vart krinsmeistrar bane 2012.
 
Resultat ligg under resultater

Solbjørg Hårklau samlagsmeister 2012 i klasse ER

Solbjørg skaut til gode 347 poeng, 7 poeng før Andreas Brekke, Strandebarm

Me gratulerar!! 

Fleire resultat finn de HER

Hordastemna i felt 2012
 
Hatlestrand og Ølve skyttarlag laga til Hordastemna i felt 2012.
 
9 vesser var påmelde og deltok.
 
Gudmund Arne Lilletveit var kvalifisert til finalen i klasse Junior med 30/25, 2 innertreff bak Sivert Grønsdal frå Tysse.
 
I finalen klinka han til med 12/9 og vann likegodt, eitt innertreff før Marius Vatnøy frå Seim.
 
Gratulerer so mykje som Hordameister.
 
Andre resultat finn de HER
Skytebanen er ferdig utskoten!!
 
 
Oddbjørn rapporterer at skytebanen er ferdig utskoten
 
730.000 kubikk er no lause.
 
Bilete er lagt ut under Billedalbum
Ein kjempenøgd Øystein Kvarekvål vart i dag Lagsmeister på 15 meter.

Han la inn 242 poeng og vann 3 poeng før Knut Hårklau og John Almeland på 2. og 3.

Rekrutt vart vunnen av Olaug Bratthole med 234
Eldre rekrutt vart vunnen av Marie Hårklau, 246
Junior vart vunnen av Leif Malvin Hjelmevoll, 245
V73: Lars N Himle 236

Meir resultat under RESULTATER

Ope stemna 15 meter Voss 2012.

105 skyttarar møtte.

Vegard Solhaug. Åsane/Hordvik vann med 346 (9*) framføre Liv Sollesnes, Jondal og John Olav Ågotnes, Sartor med 345 (9*)
 
Øvrige vinnarar:
Kl     1: Alex Blokzijl, Jondal, 244
Kl     2: Magne Høysæter, Tysse, 238
Kl V55: Lars Færevåg, Jondal, 247
Kl V65: Eyvind Bjørsvik, Askøy, 250
Kl V73: Ivar Seim, Åsane/Hordvik, 247
Kl     R: Brigitte Blokzijl, Jondal, 241
Kl    ER: Stine Haagheim Vindal, Bergen, 247
Kl    JR: Åshild Kvarekvål, Voss, 245
ASPIRANT: Oda Eirin Almeland  Voss, Odd Eirik Bratthole Voss, Karianne Vatne Johansen Voss, Knut Johan Vatne Johansen Voss, Ida Lund Bakke Os, Jonas Seim Voss, Kristoffer Skråmestøl Bergen
Resultatliste finn du HER
4. runde av Krinskarusellen 2011/2012

er ferdig.

 Resultata ligg under resultater.



Vinnarar: 
kl 3-5:Morten Helgaset 240
       1:Camilla Hallanger, 243
   V55:Olav T Lekve, 233
       R:Dag- Henrik Hårklau, 210
     ER:Marie Hårklau, 243
     JR:Åshild Kvarekvål, 242
   V65:Arne Klette, 239
   V73:Gunnar Almeland, 236
  ASP:Karianne Vatne Johansen 228, Knut Johan Vatne Johansen 207, 
          Olav Akerlie Mandelid 217, Theodor Simpson Fleischer, 132
Lagsmeisterskap bane 2011
 
John Almeland vart lagsmeister i baneskyting 2011.
 
 
Stemna vart halde i Granvin 7. september 2011 under tunge, mørke forhold.
Det visar vel og att på resultata.
På 200 m var det John Almeland som trekte det lengste strået og vart lagsmeister. Det vart diskutert litt her og der om han skaut etter stans på siste skotet på omgangen, men juryen, som var Granvin skyttarlag, dømte det "inn". Dermed enda han på 331 poeng. Nummer 2 vart Knut I Kvarekvål med 328 poeng.
Klasse 2 vart vunnen av Marianne Lilletveit med 230 poeng.
Nils Mølsterteig´s minnepokal i klasse 3 vart vunnen av Hans Kvale med 137 poeng
I klasse 4 vart den vunnen av Øystein Kvarekvål med 139 (3*) poeng
Normaklassen vart vunnen av Lars Kåre Almeland med 324 poeng.
 
På 100 meter var det god skyting.
Klasse rekrutt vart vunnen av Marie Hårklau med 344 poeng
Klasse Eldre rekrutt vart vunnen av Gudmund Arne Lilletveit med 347 poeng.
Klasse Junior vart vunnen av Leif Malvin Hjelmevoll med 348 poeng
Lars N Himle drog sigeren i land i Klasse V73 med 343 poeng
 
Det er andre året på rad me har lagsmeisterskap i Granvin. Neste år har me vårt fyrste lagsmeisterskap på ny bane på Skjerve.
 
Voss Skyttarlag takkar Granvin Skyttarlag for samarbeidet desse åra.
 
Øvrige resultat under RESULTATER

God skyting av vossingane på Krinsstemna.
 
Det vart siger i nesten alle klassar då Borstrondi skipa til Krinsstemna Bane 2011.
 
Marie Hårklau vann klasse Rekrutt med 336 poeng, noko før Siri Mjånes og Dag-Henrik Hårklau
 
Eldre Rekrutt vart vunnen av Solbjørg Hårklau med 340 p. Noko overlegent før Ole Martin Mjånes på 2 plass.
 
Den beste i klasse Junior var Mats Byrkje Mjånes med 346 poeng. Leif Malvin Hjelmevoll kom på 2. plass med 340. Åshild Kvarekvål vart her nr 4 med 338 poeng.
 
Klasse V73 vart vunnen av Dag Midttun, Vossestrand, med 348 poeng. Knut Olde leia her før finalen, men fekk problem med våpenet og måtte stå over finaleomgangen. Det var synd. For han leia med 1 poeng på Dag.
 
I klasse 3-5 var det berre vossingar (!). Knut Hårklau leia med 240 poeng (5*) føre John Almeland med 240 poeng (5*)
Begge skaut 98 på omgangen, men John gjekk forbi Knut med ein innertiar meir på omgangen.
 
Klasse 2 vart vunnen av Arne Hauso med 240 poeng.
 
Klasse V55 vart vunnen av Olav T Lekve, Granvin, 335 poeng, 3 poeng før Leif Tillung.
 
4 gode aspirantar var også med på 100 meter. Desse var Knut Johan Vatne Johansen 198, Malin Takvam Olde 210, Marie Takvam Olde 223, Karianne Vatne Johansen 219. Kjempeinnsats!!!
 
Det hadde snike seg inn nokre feil på resultata på Leif Malvin Hjelmevoll og Arne Klette i starten. Dette er no retta opp i. Retting kjem og i Hordaland. Beklagar feilen.
 
Resultatlister finn de under RESULTATER.
Lagsmeisterskap 2011
 
Grunna banesituasjonen på Skjerve, må me endra på terminlista ang Lagsmeisterskap bane 2011.

Me har hatt kontakt med både Borstrondi og Granvin skyttarlag om leige av bane, og må konkludere med at me utset Lagsmeisterskapen til
ONSDAG 7. september.
Skytinga vil føregå i Granvin og fyrste lag går kl 1700. Me vil kombinera dette med Lagsmeisterskapen til Granvin Skyttarlag. Det er viktig at me fyller alle lag slik at me ikkje bruker heile kvelden.

God skyting av dei unge på samlagsstemna.
 
På samlagsstemna baneskyting i Jondal vart det dobbeltsiger i juniorklassen til Leif Malvin Hjelmevoll og Mats Byrkje Mjånes med 347 poeng. Leif Malvin vann på fleire innertiarar.
Siri Byrkje Mjånes vart nummer 2 i klasse rekrutt og Gudmund Arne Lilletveit nummer 3 i klasse eldre rekrutt.
I lagskyting for dei yngste vann Voss skyttarlag suverent med laget Gudmund Arne Lilletveit,Leif Malvin Hjelmevoll og Mats Byrkje Mjånes. Dei var heile 5 poeng føre neste lag. Flott skyting av laget sine unge skyttarar !
På 200 m kom Voss sitt 1.lag på delt 2 plass.
Elles fekk lagsformann John Almeland stjerne i klasse 3-5 då han vart nummer 3. Bra gjort på fyrste stemna han deltok på i år ! Liv Sollesnes vart , ikkje uvanleg , samlagsmeister.
 

Gå inn og besøk www.ls2012.no



 
Audun Kvandal samlagsmeister på 15 meter 2011 i klasse 3-5 .
Han skaut gode 245 poeng. Han vann 3 poeng føre Dag Skår med 342. Liv Sollesnes vart nr 3 med 241
Det var og god skyting i øvrige klassar.
 
Per N Aalvik  vann klasse 1 med 247 poeng
Marianne Lilletveit vann klasse 2 også med 247 poeng.
Lars Færevåg vann klasse V55 med 246 poeng
I klasse V65 sigra Asbjørn Hestad med 247 poeng
Klasse V73 vart vunnen av Nils Lothe med 247 (9*) poeng.
 
Rekrutteringsklassane synte og god skyting.
Klasse Rekrutt vart vunnen av Linn Kvandal med 246 poeng.
247 poeng måtte til for å vinna klasse Eldre rekrutt, og den vart vunnen av June Kvandal.
Åsne Skår klinka til med 248 poeng og vart samlagsmeister i klasse Junior
 
Kjekt og at heile 7 aspirantar deltok. Dei var Olav Akerlie Mandelid, Oda Eirin Almeland, Alexander Blokzijl, Odd Eirik Bratthole, Hilde F Jordalen, Karianne Vatne Johansen og Knut Johan Vatne Johansen.  Alle fekk flotte premiar for god skyting.
 
 
Resultatliste                     Pengepremier 

Ope stemna 15 meter 2011
Liv Sollesnes vinnar av klasse 3-5 på den opne stemna 15 meter på Voss. Ho vann med 1 poeng på Vegard Solhaug.
 
 
Førebels resultatliste finn du HER
 
 Voss Skyttarlag takkar alle 110 skyttarar for frammøtet.
 
Velkomen att neste gong

Fredag 14.01.11 gjekk det ei salve på skytebanen. Det vart brukt ca 12 tonn sprengstoff
 
Videoen kan sjåast HER
 
Fleire filmar herifrå på YouTube. Søkjeord Skjerve skytebane
 
Gåvedryss frå Vekselbanken!
 
Voss Skyttarlag og Skjerve Skytebaner AS tok i mot 750000 kr på torsdag.
 
Totalt 2,5 millionar kroner vart utdelt til dei store arrangementa som skal vere i 2012 og 2013.
 
Les artikkel i "Hordaland" HER
Årsmøte 2010
 
 
 
Rause gåver frå Voss Sparebank til skyteanlegg på Skjerve
 
 
 
Ein nøgd leiar for Skjerve skytebane AS
 

  




Vaktliste jaktskyting 2017

Terminliste 2017

LIVE VISNING
Les meir..

Lapua cup resultater 2015/2016

Vossastemna felt 2015
Les meir..

Lagsmeisterskap 15 m 2015
Les meir..

Samlagsstemna bane 2014
Les meir..

Jon Istads minnestemne
Les meir..

LS2014 Sandnes

Vossastemna 15 meter 2014
Les meir..

Nye Lagsjakker
Les meir..

Aspirant trening 2013/2014

Landsskyttarstemnet 2013

Vossastemna Bane 2013
Les meir..

Aspirantskyting 2013
Les meir..

Krinsstemna Felt 2013
Les meir..

Lagsmeisterskap Felt 2013
Les meir..

Samlagsstemna felt 2013
Les meir..

Vossastemna 15 meter 2013
Les meir..

Bli medlem
Les meir..

SkyttarID

Grasrotandelen
Les meir..

Leiaren seier:

Forum
for skytterinteresserte! Les meir..